Startside arrow Nyheter arrow Nytt innbrudd i urmakerbutikk 18.11.2008
onsdag 21. november 2018
Nytt innbrudd i urmakerbutikk 18.11.2008 Skriv ut E-post
tirsdag 18. november 2008

Nytt innbrudd i Egersund.
Politiet kom først etter 6 timer !

Varer for 500.000,- kroner borte !

En politibetjent på vakt,- skammelig!!!
Stort oppslag på TV2 i kveld. Femte innbrot, ingen politifolk
Sakset fra Dalane Tidene
Skrevet av Keth Odland
mandag 17. november 2008

Natt til i dag skjedde det igjen: Tjuvar fekk med seg klokker for cirka ein halv million kroner frå butikken til Urmaker Klippen.

Fem minutt etter at alarmen gjekk, var Johnny Olsen frå vektarfirmaet NVC Security på plass utanfor urmakarforretninga i Kirkegaten. Ingen folk var å sjå, bare ei oppbroten dør og ein altfor tom butikk. Heller ikkje politiet var å sjå.

- Dei har neppe brukt særleg meir enn to minutt på å tømma butikken, seier Olsen.

Han er overbevist om at det er den same gjengen som har vore på ferde før, som også står bak nattas innbrot.

- Det er typisk at butikkar, firma eller privatbustader som har hatt innbrot før, får besøk igjen innan det har gått to månader. Tjuvane veit at tjuvgodset dei fekk med seg sist, er blitt erstatta av nytt, seier Olsen.

På politistasjonen i Strandgaten var det bare éin person på vakt. Vurderinga som blei gjort, var at vedkomande, fordi han var aleine, ikkje skulle rykkja ut. Politistasjonssjef Henry Tendenes forstår at folk reagerer.

- Vedkomande gjekk av vakt då eg kom på arbeid i dag tidleg. Eg rakk ikkje å snakka særleg mykje med han, så eg veit ikkje om det var han sjølv som vurderte det slik at han ikkje skulle rykkja ut, eller om vurderinga blei gjort i samråd med operasjonssentralen i Stavanger. Om vurderinga var rett, kan eg ikkje svara på før eg har fått undersøkt saka nærmare. Det eg kan seia, er at eg forstår veldig godt at det blir stilt spørsmål ved vurderinga; det var jo fleire andre folk på åstaden, både folk frå vektarfirmaet og andre, seier Henry Tendenes.

Urmakar Svein Børge Klippen er oppgitt over å ha blitt ramma av nok eit innbrot, det femte på det han trur kan vera seks eller sju år. Tiltaket han no vurderer, i samråd med NVC Security, er å montera ein maskin som røyk- og tåkelegg lokalet idet innbrotsalarmen blir utløyst.

Trass nattas innbrot måtte kvardagens rutinar gå som normalt i heimen til familiefaren i dag tidleg. Svein Børge Klippen måtte få ungane i barnehagen før han kunne gå ned til butikken.

- Eg sa til treåringen at dei hadde vore og teke pappa sine klokker igjen. Det syntest han var dumt. Dei snakkar om det i barnehagen i dag, og me skal ta det opp med han i kveld. Eittåringen forstår heldigvis ingenting av dette, seier Svein Børge Klippen.

 
< Forrige   Neste >

Ansvarlig for nettsidene: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. , Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. , Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. , Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.